NEKROLOG

NEKROLOG
av Jakob Sande


Og dersom eg No, – det Vårherre må hindre,
gjekk inn til den evige ro,
då vart det på jorda ein syndebukk mindre,
og folk sat attende og lo.
Og so for dei gardande kring med ei liste
der kvar etter evne gav sitt,
tildess dei fekk bord til ei uhøvla kiste,
so bygda vart liket mitt kvitt.

So sette dei kista på skralaste kjerra,
og sa ho var god nok åt meg.
So tok dei or stallen den magraste merra,
og dermed so bar det iveg.
Fremst gjekk den halte Kristpinius klokkar
og vagga med ujamne fet,
og attanfor han i dei skravlande flokkar,
gjekk fem kreditorar og gret.

So lyfte dei kista frå stolkjerrekarmen,
og venta med knusande ro,
til presten steig fram med ei bok under armen, og tala til folket som so,
at “her ligg ein rest av ein rasande Saulus,
ein svolk i den vonde si hand,
som Gud kunne brukt til ein frelsande Paulus, for Kina og Sulukaff-land.

Men denne heldt fram med å stanga mot brodden, og rasa si gudlause ferd,
til målet var fullt, og han stupte for odden
av Herreguds tvieggja sverd.
Og difor kann folk ta han-her som eksempel, på ein som slo vrak på sitt kall,
og storma med Satan mot Salomos tempel
til kald på si gjerning han fall.”

Og folk sa som slik, at” har Hinmannen ridt han, og gjekk han for honom i grav,
ja, då var det jagu på tid me vart kvitt han,
før svinet sveid kyrkja vår av.”
Og so for dei heimatt og la seg for natta,
og ljost imot framtida såg.
Men sjølv låg eg djupt under jorda og skratta, og likte meg godt der eg låg.

Liker dere denne bloggen, lik og del gjerne innleggene!! Og følg gjerne Bunny i egne grupper på Facebook og MeWe, dette er den mest alternative og beste bloggen i landet – velkommen!

Følg Bunny på MeWeLink!!

Følg Bunny på FacebookLink!!

#jakobsande #nekrolog #dikt #bunny #bunnytrash

12 kommentarer
    1. Jeg er stor fan av han, men kan ikke huske å ha lest dette. Han var en utrolig fin dikter, sannsynligvis treffer han meg litt på grunn av språket også. Han har alt fr rølp til den nydelige “De lyser i stille grender”

    2. Der er alltid monge tankar som kjem når eg les Jakob Sande. I dette, som i monge andre dikt, belyser han dobbeltmoralen og sjølvgodheita i samfunnet, og gjer vel i stor grad narr av “dei fine”.
      Eitt anna dikt i same “gate”, er Tvo menn i ein galge.
      Det som går igjen i deisse dikta, er at når det kjem til stykket, er me alle berre mennesker, og står til sjuande og sist, på likefot.
      I andre dikt, som i Spelskipet, setter han lys på dumskapen og massesuggesjonen i samfunnet.
      På den andre sida, har han skrevet både den finaste julesongen eg veit om, Det lyser i stille grender, og den finaste påskesalma eg veit om i diktet Salme.
      Jakob Sande var ein svært samansatt, og hardt plaga mann, med eitt utruleg breidt spekter i sin poesi.
      Eg har forøvreg aldreg lagt skjul på at Jakob Sande er min desiderte favorittdiktar.

      1. Jeg har en knapp på Ivar Aasen, han har et dikt jeg faktisk kan utenat 🤪 kan jo også noen bønner, som for meg er dom dikt å regne, men de kan jeg ikke frivillig, men ble indoktrinert i hode mitt i barndommen og greier ikke rydde dem vekk for å gjøre plass til noen annet 🤪

        1. Ja, sjå der ja, der kom den kommentaren 😜.
          Ivar Aasen, eg burde jo mest vore programforplikta til å ha han som favoritt, sidan eg bur i heimbygda hans 🤣.
          Er til stadegheit borte i tunet der han vaks opp.
          Han har monge fine dikt, men fyrst og fremst monge gode visdomsord.
          Hans barndomsrike er ein av dei stadane eg brukar plukka sopp 😊.

          1. Vet ikke hvor hodet mitt er, men det er søndag, hehe.. det skulle faktisk stå Jan Erik Vold. Men Ivar Aasen ligger jo i toppsjiktet selvfølgelig. Ingen kan snakke om diktning uten å skli innom den mannen og Nordmannen mellom bakkar og berg. Mulig jeg skrev Ivar Aasen pga Einar Skjæraasens dikt om å ikke trø i graset betyr meget i mitt hjerte.

            1. Gode dikterar alle dei du nevner her.
              Du ska itte trø i graset, trur eg betyr mykje for alle som har levd på livets skyggeside. Det var det mest deklamerte diktet i “kåken”. Ein plass eg vanka ein del, der ein gjeng alkoholiserte ufb-erar haldt til.
              Eitt anna dikt eg liker godt, er Halldis Moren Vesaas’ tonesatte dikt om handbagasje. Du kom til denne verden, med litt mindre handbagasje enn andre barn på jord.
              Det setter livet litt i perspektiv.

    3. var visst litt for trøyt då eg skreiv siste kommentar, det var sjølvsagt Inger Hagerup som skreiv diktet om handbagasjen.
      Kom plutseleg på det, når eg måtte opp å ha ein røyk, he he.

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg